Lokalnytt

Fekk heim sauer

Gunnhild Foldal fekk heim fem sauer torsdag
Gunnhild Foldal fekk heim fem sauer torsdag

Torsdag møtte vi sauebonde Gunnhild Foldal ved småbåthamna på Hellesylt, våt og kald, men glad. Ho hadde fått heim fem sakna sauer.


-Vi var på julehandel då vi fekk telefon frå to jægerar i Oaldsbygda. Dei hadde sett fem dyr nær sjøkanten om lag ein kilometer lenger ut i fjorden frå Oaldsbygda. Eg vart så glad, eg vart nesten rørt, seier Gunnhild.

Torsdag tok ho turen saman med Jan Ove Tryggestad og Per Kjell Leite for å finne og hente heim dyra. Sauene var av fleire som var sakna etter hovedsankinga tidlegare i haust.

-Der vi fann dyra og la til med båten var bratte fjellsida ned i sjøen. Fyrst fanga vi ein av dei vaksne og fekk om bord og då hoppa dei andre etter i båten. Det gjekk flott, fortel Gunnhild.

Framleis manglar nær hundre dyr, tre vaksne og resten lam for sauebøndene på Tryggestad.

-Det er nok siste året med sau på sommarbeite i Oaldsbygda for oss. I år har vi mista alt for mange dyr så lønsemda blir dårleg, seier Jan Ove Tryggestad og Per Kjell Leite. Dei har hamna sauene sine i Oaldsbygda dei siste år. At dei kunne hente heim fem av dei sakna dyra er dei glade for.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380