Fotballgruppa spanderte pizza.
Sunnylven Fotball inviterte trenarar, oppmenn og andre hjelparar på pizza og brus onsdag. Løna fall i smak hos 20 frammøtte.
Nær alle oppmenn og trenarar frå siste sesong var samla på Øcal kafe då leiar i Sunnylven Fotball Leif Rune Tryggestad ønska gode hjelparar vel møtt onsdag kveld. Der vart det servert brus og pizza i fleire variantar.
I tillegg fekk kvar ein liten adventskalendar i gåve og som løn for innsatsen gjennom fotballåret 2014.
Herrelaget til Sunnylven har i desember hatt eit fyrste spelarmøte med tanke på neste sesong. Ni personar møtte som alle var positive til å satse på ein ny sesong, fortalde Leif Rune Tryggestad.
Det er for få til å stille eit 11-ar lag i 6. divisjon der Sunnylven skal spele neste år etter nedrykk i haust.
-Vi må ha med fleire, så er det nokon som har lyst å spele fotball igjen er eg glad for å få ein telefon. Vi må også sondere med naboklubben Stranda om vi kan halde fram det gode samarbeidet vi har hatt dei to siste sesongane.
I utgangspunktet ønskjer vi å stille eit 11-ar lag, men går ikkje det er eit 7-ar lag eit alternativ, seier Tryggestad.
Når det gjeld damelag har det ikkje blitt halde spelarmøte enno.
Mykje må kome på plass dei fyrste vekene og alt må vere klart før 25. januar 2014. Det er fristen fotballkretsen har sett for påmelding av alle lag frå 12 år og oppover, seier Leif Rune Tryggestad.