Lokalnytt

God framdrift i tunnel

Historisk smell 5. juni med tre bla Oddbjørn til stades. Frå venstre Oddbjørn Pladsen frå Statens Vegvesen, leiar i samferdselsutvalet Oddbjørn Vatne, og skytebas Oddbjørn Bakås.
Historisk smell 5. juni med tre bla Oddbjørn til stades. Frå venstre Oddbjørn Pladsen frå Statens Vegvesen, leiar i samferdselsutvalet Oddbjørn Vatne, og skytebas Oddbjørn Bakås.

Entreprenøren SKANSKA sprengjer seg stadig lenger inn i Ljønibbefjellet. Arbeidet går etter planen på den 3650 meter lange tunnelen.


Det blir jobba frå både Ljøsida og Herdalsida med den siste, lange tunnelen på fylkesveg 60 Røyr – Hellesylt. Ola Dalebø ved Vegvesenet sitt kontor på Hellesylt fortel at arbeidet foregår frå begge sider og i slutten av denne veka vil det vere sprengt ut om lag 1450 meter, eller 39 % av total lengde på 3650 meter.
Arbeidet er kome om lag like langt frå både Ljøen og Herdal, vel 700 meter inn i fjellet.

Framdrifta har gått som planlagt, det har ikkje oppstått større vanskar som dårleg fjell, men det har vore ein del lekasje av vatn, mest på Ljøsida.
Vatnet gjer at ein må ta hensyn under sprenging, men elles hemmar det ikkje arbeidet då det renn ut av seg sjølv, seier Dalebø.

Også på Røyr går arbeidet med støyping av røyrtunnelen godt framover, og fonnvernet for Nakkefonna blir ferdig med det aller fyrste, kan Ola Dalebø fortelje.

Det var 5. juni 2014 den fyrste salva for den siste tunnelen i rassikringsarbeidet av fylkesveg 60 Røyr – Hellesylt vart fyrt av.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380