Lokalnytt

Jordbruket i Stranda kommune

Driftseiningane i jordbruket i Stranda har blitt større og held produksjonsvolumet oppe.
Driftseiningane i jordbruket i Stranda har blitt større og held produksjonsvolumet oppe.

Bøndene i Stranda har blitt færre, men produserer like mykje som før. Det viser tal som Møre og Romsdal bondelag har lagt fram.


På Sunnylven Bondelag sin medlemskafé fredag presenterte næringssjef Inge Bjørdal nokre tal frå jordbruksdrifta i Stranda Kommune.
Næringa utgjer 144 årsverk med ei omsetning på 82. mill. kroner.

Statestikken frå Fylkesbondelaget viste at det i 2014 var berre 34 aktive mjølkebruk i kommunen.
Sjølv om antal aktive bønder har gått ned, har bruka blitt større og produksjonen halde seg oppe.
Frå 2000 til 2014 har mjølkeproduksjonen auka med 14 %. Mange har kjøpt opp eller leige mjølkekvoter.
Gjennomsnittskvote pr. bruk er på 136.000 liter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380