Lokalnytt

Leiteaksjon etter nissen og grauten

Nissefar og nissemor med to små beunderar under grautfesten i Hellesylt Bygdetun.
Nissefar og nissemor med to små beunderar under grautfesten i Hellesylt Bygdetun.

Det starta litt dramatisk i Hellesylt Bygdetun måndag. Dit var store og små invitert på julegraut hos nissefamilien, men møtte berre nissemor i låvedøra.

Rundt 70 store og små fann vegen gjennom skogen og til låven i Hellesylt Bygdetun måndag kveld. Mange var der i fjor i grautselskap hos nissemor og nissefar og det trivelege selskapet ville de ivere med på også i år.

På låven venta nissemor i sin finaste stas, men var litt trist av seg. Ho kunne fortelje at ho hadde mista nissefar, ho hadde ikkje sett han på lenge. Også den store gryta med risgraut var borte, så no måtte ho få hjelp til å leite fram både nissen og grauten.

Nissemor fekk rikeleg av hjelparar og det gjekk ikkje lenge før det gav resultat. Djupt i høystålet fann dei nissefar. Han hadde vore ute på tur og blitt så søvning at han hadde berre lagt seg i høyet og sovna, kunne han fortelje. Også grautgryta kom til rette så dermed var alt berre velstand og glede.

Før servering av graut, saft og gløgg måtte det syngjast ein song, meinte nissemor. Naturleg nok vart valet «På låven sitter nissen». Seinare tona også «Musevisa» ut på låven til tonar frå gitaren Maria Langeland.

Det vart ein kjekke kveld i Hellesylt Bygdetun der mange kosa seg med leik og moro i høyet på låven.

Mange hjelparar tok del og fann nissefar sovande i høystålet
Mange hjelparar tok del og fann nissefar sovande i høystålet

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380