Lokalnytt

Raus gåve for julekonsert

Sunnylven sokneråd delte ut blomar til leiarar for dei dyktige aktørane. Frå høgre Gunnar Inge Eide, Oddbjørg Stadheim, Kristin Storstein, Trond Otto Berg, Erik Torset, Synnøve Hjellbakk Hole, Lars Kvam Karbø, Stein Karstensen, og lengst til venstre leiar i soknerådet Stig Tryggestad.

Publikum sette tydeleg pris på årets julekonserten i Sunnylven kyrkje. Ved utgangen kom det inn 5.764.- kroner i kollekt.

Beløpet blir delt mellom gruppene som tok del i julekonserten i Sunnylven kyrkje søndag 14. desember. Ein av dei flottaste konsertane nokon gong, er omtalen mellom mange vi har snakka med etterpå. Og kanskje det som imponert dei fleste aller mest er at ei så lita bygd har så stor variasjon og så mange dyktige aktørar innan song og musikk.

Her er nokre bilete frå den godt timelange julekonserten.

Felegruppa, leia av Synnøve Hjellbakk Hole
Felegruppa, leia av Synnøve Hjellbakk Hole
Ungdomskoret Joyful imponerte nok ein gong.
Ungdomskoret Joyful imponerte nok ein gong.

Nytt av året var skulebandet. Frå venstre Inger Ringdal Sæter, Bertine Lade, Knut Iver Røyrhus og bak Maria Langeland. På piano deltok Ingeborg Langeland.
Nytt av året var skulebandet. Frå venstre Inger Ringdal Sæter, Bertine Lade, Knut Iver Røyrhus og bak Maria Langeland. På piano deltok Ingeborg Langeland.
Kristin Storstein t.v., Oddbjørg Stadheim og Ingelin Storstein Hole song "Lang Desember natt" på nynorsk.
Kristin Storstein t.v., Oddbjørg Stadheim og Ingelin Storstein Hole song «Lang Desember natt» på nynorsk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380