Lag og organisasjonar

Sunnylven bygdekvinnelag

Lisbeth Lervik t.h. og Ruth Hole Aaland med norske OL og VM-genserar frå 90-talet.
Lisbeth Lervik t.h. og Ruth Hole Aaland med norske OL og VM-genserar frå 90-talet.

Sunnylven bondekvinnelag blei skipa i 1936. Laget endra namn til Sunnylven bygdekvinnelag i år 2002.

Laget er tilslutta Norges bygdekvinnelag og skal vere ein tydeleg og framsynt kvinneorganisasjon og arbeide for betre tilhøve i eiga bygd.

Av oppgåver/aktivitetar kan vi nemne:
– engasjert i bygdeutvikling i samarbeid med Sunnylven bondelag
– lagar potetball til alle ved skulen annakvart år
– sal av rømmegraut og lefser på Sommardagane
– Kafé Snurrepiperier – utstillingar av ulike gjenstandar kombinert med kafé
– pengegåver til ulike lokale føremål og nasjonale saker
– arrangerer julemesse på Hellesylt

Styret for 2022:

Gunnhild Kvam, leiar
Anne Marie Sømoen Frøysa
Inghild Storstein
Marit Hellebostad
Astrid Tronstad Dyrkorn
Grete Bjørdal

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380