Lokalnytt

Konsert med nissekorps

dette er bildetekst
Det vart mykje julemusikk å høyre med Sunnylven skulekorps på Coop Marked laurdag.

Julekvelden nærmar seg, og på Hellesylt gjorde Sunnylven skulekorps sitt til å lokke fram den gode julestemninga laurdag.

Tradisjonen tru kom Sunnylven skulekorps i sine nisseluer for å spele kjende og kjære julesongar til publikum i butikkane Coop Marked og Joker på Hellesylt laurdag. Det vart ein stemningsfull time for svært mange, fleire enn noko år tidlegare.

Nissane valde seg området nær frysediskane som konsertplass på begge butikkane. Historia vil som kjent ha det til at nissen bur på Nordpolen, så då passa området ved kjøl- og frysedisk godt.

Frå 20 musikantar med blankpussa messinginstrument tona det mange julesongar, som «Glade jul», «Bjelleklang» og «Deilig er Jorden». Og publikum gav velfortent applaus, men fekk også engasjere seg i «Så går vi rundt om en enebærbusk». Det vart både klapping, sving, neiing og bukking.

Før konserten hadde korpset fått seg servert julegraut av korpsleiinga, og på både Coop Marknad og Joker vanka det julegod løn til alle.

Dirigent Trond Otto Berg var godt nøgd med elevane sine som har ein snittalder på 13 år. Dei er flinke, det er ei glede å øve saman med Sunnylven skulekorps, tykte han.

Sunnylven skulekorps eller «Nissekorpset» består av mange unge, men gode musikantar i år.
Sunnylven skulekorps eller «Nissekorpset» består av mange unge, men gode musikantar i år.
Også på Joker samla det seg mange for å høyre korpset spele.
Også på Joker samla det seg mange for å høyre korpset spele.
«Joker-nissen», eller Svein Sporstøl hadde kvar si julebrus i belønning til korpsmusikanane.
«Joker-nissen», eller Svein Sporstøl hadde kvar si julebrus i belønning til korpsmusikanane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380