Lokalnytt

Vintersolkverv

Sola "snur" og dagane blir lenger etter vintersolkverv.
Sola «snur» og dagane blir lenger etter vintersolkverv.

Kl. 00.03 den 22. desember 2014 er det vintersolkverv. Då «snur sola», heiter det i daglegtale

For Midt-Norge aukar dagen i desember etter vintersolkverv med 12 minutt. Ikkje mykje, men kjem vi til januar månad aukar den med nær 2t. 30 minutt. Då hjelper det på med dagsljos.

På den nordlege halvkule er vintersolkverv årets kortaste dag. Vintersolkverv er tidspunktet på året då den nordlege halvkule haller lengst bort frå sola. Det skjer 21. desember eller 22. desember kvart år.

Vintersolkverv skulle ikkje nyttast til arbeid som dreia rundt, eller til baking. 22. desember skulle også juleølet vere ferdig slik at det ikkje kom «solkverv» i det, heiter det etter gamal tradisjon.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380