Årsmøte i Joyful
Ungdomskoret Joyful har halde årsmøte. Der vart alle saker klubba igjennom samrøystes.
Ungdomskoret Joyful i Sunnylven har hatt 15 medlemar siste året. Sjølv om talet på songarar har gått ned har koret prestert på eit høgt nivå musikals. Det har blitt mange opptredenar der koret har gleda med vakker song, meir enn ein gong kvar månad i 2014, går det fram av årsmeldinga.
Det vart deltaking i høve grunnlovsjubileet, påskemusikal, ved kyrkjekonserten under Sommardagane saman med songatist Elisabeth Andreassen, under lysmesse, julekonsert og fleire gudstenester i Sunnylven kyrkje. Joyful deltok også under Soul Children Festival i Oslo i oktober, eit kortreff som var ei stor oppleving.
Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim har vore musikalske leiarar for koret som har øving kvar torsdag. Dei held fram også i 2015. Det året kan Joyful feire 30 år. Jubileumsmarkeringa vil finne stad til hausten.
I styret for Joyful er desse med:
Styreleiar: Randi Sæter.
Styremedlemer: Jorunn Trøen, Ann Kristin Wollsæter (ny), Janne Grov (ny), Synnøve Hjellbakk Hole (ny).
Varamedlem: Trine Tryggestad Forbord.