Lokalnytt

Bygge kraftverk krev kunnskap

Olav Skeie frå Småkraftforeninga rosa arrangøren for tiltaket med ein informasjonsdag om småkraftutbygging.
Olav Skeie frå Småkraftforeninga rosa arrangøren for tiltaket med ein informasjonsdag om småkraftutbygging.

Å bygge kraftverk handlar om kunnskap, sa Olav Skeie frå Småkraftforeninga.

Olav Skeie frå Småkraftforeininga avslutta innlegga på kraftseminaret på Stranda onsdag. Han takka arrangørane, Sparebanken Møre og Stranda Energi for at dei fekk seminaret i stand.

-Å bygge kraftverk handlar om kunnskap, noko Småkraftforeininga heile tida prøver å formidle til sine medlemer. Foreininga vart stifta i 2001, då var vi nokre få, no er vi 600 medlemer som har 200 kraftverk i drift. Fundamentet til foreininga er den private grunneigar. Det å bygge kraftverk før var ein kamp, no er det nærmast servert på eit fat. NVE har hjelp mykje med nyttig informasjon, sa Olav Skeie som fortalde at av store saker som foreininga har jobba med overfor Stortingen var grunnrentebeskatning og ordninga med el-sertifikat.

I tre dagar, 17,-18,- og 19 mars i år blir det arrangert småkraftdagar i Ålesund. Der er forventa eit frammøte på rundt 400, og der blir det mange interessante folk å møte, kanskje nyttigare enn konsulentar, sa han.

Olav Skeie signaliserte eit råd til potensielle kratverkbyggjarar. Ikkje bli freiste til å kjøpe billeg, for om det er rimeleg i fyrste omgang kan det bli dyrt likevel. Sats på kvalitet, sa Skeie som fortalde om det gamle kraftverket som han køyrde forbi dagleg på veg til jobb. Det rusla og gjekk og produserte energi endå, hundre år etter at det var bygt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380