LokalnyttLokalsport

Ikkje herrelag i fotball

Sunnylven og Stranda stiller felles damelag i fotball også i 2015-sesongen (Arkivfoto)
Sunnylven og Stranda stiller felles damelag i fotball også i 2015-sesongen (Arkivfoto)

Sunnylven stiller ikkje herrelag i fotball komande sesong. Damelaget held fram samarbeidet med naboklubben Stranda.

Sunnylven manglar spelarar til å stille lag i 6. divisjon for herrer i år. Det fortel fotballeiar Leif Rune Tryggestad. Så seint som i går torsdag heldt fotballgruppa spelarmøte der det vart bestemt å ikkje stille lag. Dei to siste sesongane har herrelaget hatt samarbeid med Stranda, men naboklubben har heller ikkje flust med spelarar. Dei ville gjerne samarbeide vidare, men treng spelarane til eigne lag, fortel Tryggestad.

Damelaget held fram samarbeidet med Stranda. Endringa blir at Stranda får meir ansvar for det administrative med laget og at det truleg blir spela i Stranda sine klubbdrakter. Det er ikkje endeleg bestemt , opplyser Tryggestad.

Sunnylven stiller totalt sju lag i yngres så det blir rikeleg med fotball på Hellesylt stadion også i 2015-sesongen. Dei to eldste blir J 16 og G 13. Det blir 9-ar lag, også j 16-laget om fotballkretsen godkjenner at Sunnylven får bruke tre gutar på laget.

-Det er beklageleg at det ikkje blir herrelag, men utan nok spelarar er det ikkje råd. Vi startar opp med ei treningsgruppe som i fyrste omgang vil trene kvar torsdag framover. Då ser vi om vi kan stille lag og spele privatkampar og bli med på turneringar i staden seriespel, seier Leif Rune Tryggestad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380