Lokalnytt

«Kona eller livet» for over hundre

Frå ei scene med forviklingar i "Kona eller livet": Frå venstre Marianne Fivelstad, Kristin Storstein, Per Ove Frøysa, Ole Hjalmar Bonsaksen.
Frå ei scene med forviklingar i «Kona eller livet»: Frå venstre Marianne Fivelstad, Kristin Storstein, Per Ove Frøysa, Ole Hjalmar Bonsaksen.

HUL-teatret viste komedia «Kona eller livet» i Storfjord Kulturhus 10. januar. 105 personar såg forestillinga.

Etter suksessen på Hellesylt med komedia «Kona eller livet» fjerde juledag var det ny framsyning i Storfjord Kulturhus sist laurdag. Der var premierenervane borte og replikkane sat enno betre i eit enno høgare tempo.  Den driftige amatørgjengen i HUL-teatret kom godt frå forestillinga og dei frammøtte fekk ein morosam kveld, har vi fretta.

Laurdag 30. januar blir den tredje og truleg siste framsyninga av komedia vist i Sunnylven samfunnshus. Fjerde juledag såg 225 personar skodespelet og mange slutta opp om dansen etterpå. Arrangøren, eit samarbeid mellom Hellesylt Ungdomslag og Sunnylven samfunnshus håper mange kjem også på den siste framsyninga.

Etter skodespelet blir det dans til musikk av gruppa Sixpack. Der blir kiosk med høve til kjøp av forfriskningar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380