Kronerulling for Den Trondhjemske Postvei

Frå toppen av Ljøbrekka mot Strandadalen

Frå toppen av Ljøbrekka mot Strandadalen

 Ljøbrekkas Vener er ein nystarta ideell organisasjon. Formålet til organisasjonen er opprusting og vedlikehald av Den Trondhjemske Postvei mellom Ljøen og Herdalen.

Turvegen over Ljøbrekka/Herdalsbrekka kan på fine dagar vere ei stor oppleving med panoramautsikt over fjordar, fjell og dalar. Fleire hundre går den to timar lange turen kvart år.

Den Trondhjemske Postvei både frå Ljøen og Herdal har fått betydelege skadar av verforhold dei siste åra. Det er sår både i sjølve vegen og murar sig ut grunna flaumvatn og frostsprenging. For å ta vare på dette unike kulturminnet vart Ljøbrekkas Vener starta i fjor.

Kronerulling

No har organisasjonen sett i gong eit svært viktig, men kostbart arbeid med tanke på å bevare ein god turveg. På siste styremøte vart det opplyst at ein framleis treng 756.000.- kroner for å fullføre finansieringa. Det blir søkt om spelemiddlar og organisasjonen arbeidd med å skaffe pengar frå næringslivet, kommune, fylkeskommune og privatpersonar.

Organisasjonen har også sett i gong ei kronerulling/ein gåveaksjon i heile kommunen. Innbydingssummen er sett til 300.- kroner og der utbydar inviterer andre til å yte same sum. I Sunnylven skal beløp innbetalast i Sparebanken Møre, Hellesylt. Organisasjonen ynskjer seg også fleire nye medlemmer og medlemskontingenten er sett til 150.- kroner året.

Startar på Herdalen

Arbeidet på Den Trondhjemske Postvei over Ljøbrekka går ut på å grave nye veggrøfter og ordne stikkrennene frå parkeringsplassen i Herdalen til foten av Brekka. I tillegg blir det same gjort på toppen av fjellet mellom Brekkene. Også på Ljøen-sida treng turvegen opprusting eit arbeid som skal starte opp i år, er opplyst tidlegare. Så alle som er opptekne av å ta vare på eit kulturminne og ein unik turveg for store, små, yngre og eldre, bli med på kronerullinga/gåveaksjonen til Ljøbrekkas Vener.

Ljøbrekka 2

Opp svingane frå Herdal er det gjort arbeid både med grøfter og stikkrenner

Opp svingane frå Herdal er det gjort arbeid både med grøfter og stikkrenner

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380