Lokalnytt

Kurla blir restaurert

 

Slik såg bygninga på Kurla ut for eit par år sidan. (Foto: Arne Inge Tryggestad)
Slik såg bygninga på Kurla ut for eit par år sidan. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Storfjordens Venner har starta restaureringsarbeidet av Kurla. Les kva foreininga skriv på nettstaden sin.

-I haust har Storfjordens Venner gjennomført naudsynt sikringsarbeid på husmannsplassen KURLÅ som ligg på Åseneset på Hellesylt. Stavdelen av stova var i ferd med å falle ned, og hovudprosjektet er å sikre denne delen. Så har det vist seg at også murane på denne delen av huset må takast att. Handverkarane våre, med Kåre Løvoll i spissen, er straks ferdige med murane og startar no å gjenoppbygge konstruksjonen. Vindauga er òg reparerte. Vi ser fram til 2015 og sluttføring av arbeidet på plassen. Elevar frå Sunnylven skule er òg engasjerte i arbeidet kring plassen, og vonleg får vi både rydda staden fint og lagt til rette med informasjon i jubileumsåret vårt 2015-, skriv Storfjordens Venner.

Kurla

Kurla er ein gamal buplass på Åseneset like ved Hellesylt og vart fråflytta tidleg på 1900-talet. Våningshuset av tømmer og stavverk, “spikra” med trenaglar held på å ramle heilt ned, men Storfjordens Venner har no starta restaureringsarbeidet..

Midt på 1800-talet dyrka Andreas Andersson Åsen opp den vesle plassen og busette seg på Kurla saman med kona Pernille Jonsdotter Vollset. Her fekk dei fire born før dei etter nokre år flytta til Kirkebakken oppfor Hellesylt sentrum.

Seinare var det to brukarar til på Kurla. Peder Elias Rasmusson Korsbrekke og kona Oleanna Olsdotter Åsen var dei neste brukarane. Dei siste var Tore Olson Åsen som var gift med Anne Marie Martinusdotter Robbervik. Dei flytta til Berge på Stranda, i fylgje Bygdebok for Sunnylven og Geiranger.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380