Lokalnytt

Med kart og kompass gjennom Ljøbrekka

Streketunnelen på fylkesveg 60.
Streketunnelen på fylkesveg 60.

Det blir gjennomslag av nyetunnelen mellom Ljøen og Herdal til sommaren.

Arbeidet på den nye og 3.650 meter lange tunnelen mellom Ljøen og Herdal er i gong igjen etter juleferien. Det blir arbeidd frå begge sider og til nyttår var det sprengt ut til saman 1570 meter.

Kryssar under gamletunnelen

Arbeidet har gått utan vanskar så langt, kan ingeniørgeolog Svein Ivar Parr ved kontoret på Hellesylt fortelje. Frå innslaget på Ljøen stig tunnelen 100 meter til Herdal. Den går i sving og kryssar under gamletunnelen om lag halvvegs. Parr fortell at det blir ti meter fast fjell mellom taket på den nye og vegbana i den gamle. Når sprenging skal foregå i samband med kryssinga, vil fylkesveg 60 gjennom den gamle tunnelen bli stengt for trafikk. Etter sprenging skal det kontrollerast om det har losna eller falle ned stein i vegbana før trafikken kan gå som normalt igjen.

Navigerer i fjellet

Vi stilte spørsmålet som mange lurer på, korleis ein navigerer seg gjennom fjell med stigning og i sving og treffer i hop frå begge sider. Byggeleiar Arne Ola Stavseng forklara at det blir nytta både kart og kompass, men også andre avanserte instrument og målt ut frå punkt i fjellet etter kvart som ein sprengjer seg innover.

Med godt utstyr og dyktige ingeniørar så går det bra, sa han. Som eksempel på det kunne Stavseng fortelje at då den nye delen av Streketunnelen på fv. 60 skulle møte saman med den gamle viste måleinstrumenta to cm. i avvik. Også den har stigning og sving.

Den nye Ljøtunnelen er del av tredje byggesteg av rassikringa mellom Hellesylt og Røyr. Anlegget er venta å vere ferdig i løpet av 2016.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380