Nye VM-medaljer til Inga og Trygve
Siste dag av Vestlandsmeisterskapen i skiskyting gav nye pallpassar til to løparar frå Sunnylven IL, Trygve Aaland Tryggestad og Inga Elise Vik.
Søndag var det normalprogram under Vestlandsmeisterskapen i skiskyting på Reset i Volda. I kvinner 19 år vart det ein ny andre plass til Inga Elise Vik etter ni tillegg (1-3-0-5) i skytinga. Trygve Aaland Tryggestad i menn 20/21 år sikra seg nytt gull etter eit godt løp der også skytinga var god (1-0-0-1).
God på standplassvar også unge Elias Helset som deltek i 10 år og yngre. Prikkfri skyting (0-0) og sluttid 7.59 var godt gjennomført konkurranse. Skaut godt gjorde også Sofie Støverstein (0-2) til sluttid 9.14, og Lone Ringdal (1-2) som kom i mål på 11.08, begge i Jenter 10 år. Nybyrjarklassene skyt med støtte på stor blink.
Andre resultat:
Gutar 11 år: nr. 3. Emil Norangshol 13.45 (0-2)
Gutar 12 år: Nr. 5. Ruben Støverstein 13.10 (0-2)
Gutar 13 år: Nr. 8. Markus Norangshol 21.25 (2-4)
Jenter 16 år: Nr. 6. Emilie Brekke 22.10 (2-1)
Leiar i skiskyttargruppa i Sunnylven IL, Magne Brekke fortel om eit prikkfritt arrangement i Volda. Han er også fornøgd med innsatsen av eigne løparar, konkurransen blir tøffare og tøffare, seier han. Beklageleg vis var ein del av Sunnylven sine mange gode forhindra i å delta grunna sjukdom. Inger Ringdal Sæter, Johanne Ringdal Sæter, Kasper Ringdal, Ottar Frøysa Hellebostad og Simen Frøysa Hellebostad er alle mellom Sunnylven IL sine beste i skiskyting.