Øvingshelg for skulekorps

Skodje, Eidsdal og Sunnylven skulekorps, her dirigert av Trond Otto Berg

Skodje, Eidsdal og Sunnylven skulekorps, her dirigert av Trond Otto Berg

I helga har skulekorps frå Skodje, Eidsdal og Sunnylven hatt øvingshelg på Hellesylt.

Både laurdag og søndag var storsalen i Sunnylven samfunnshus fylt opp av unge musikantar og korpsmusikk.

Tre korps hadde slått seg saman til øvingshelg under leiing av Trond Otto Berg, dirigent for både Skodje og Sunnylven, og Jan Helge Andreassen frå Eidsdal.

Frå Skodje var med 8 unge musikantar og frå Eidsdal 14. Sunnylven skulekorps stilte nær fulltallig, rundt 20.

Dei tilreisande hadde overnatting på Sunnylven skule der det var lagt opp til triveleg program på laurdag kveld. Det gjekk både i quiz og symjing i symjehallen på skulen. Kveldsmaten var taco, fekk vi oss fortalt.

Som avslutning på søndag hadde korpsa ein liten «hentekonserten» for foreldre og andre slektningar. Ei triveleg og sikkert lærerik øvingshelg for musikantar i tre gode skulekorps.

Korps 2 A

Korps 3

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380