Lokalnytt

Ryddar etter storflaum

Grunneigar Knut Sundgot ved Holedalselva der tusenvis av kubikk grus og stein la seg under storflaumen i november.
Grunneigar Knut Sundgot ved Holedalselva der tusenvis av kubikk grus og stein la seg under storflaumen i november.

I elveløpet til Holedalselva på Bjørdal blir grus og stein reinska etter storflaumen i haust.

Under flaumen i november i fjor var vassføringa i Holedalselva av det største grunneigar Knut Sundgot kan minnast å ha sett. Kreftene av dei store vassmassane førte til skade fleire stader og mykje oppryddingsarbeid. Og det kunne ha gått rett så gale om det ikkje hadde slutta å regne då det gjorde. Like ovanfor gardstunet var elva i ferd med å rive i forbygninga. Hadde vassmassane brote igjennom kunne det gått gale med tun og bygningar på Bjørdal, trur han.

Tusenvis av kubikk

På flatene ved Bjørdal vart det liggjande mykje grus og stein som fylte opp elveløpet. No er oppryddinga i gong og fleire tusen kubikk har blitt køyrd bort. Det er Muldsvor Maskin som har entreprisa på arbeidet, og på ei strekning på 400 meter anslår maskinkøyrar Ole Morten Muldsvor at dei har reinska vegg 4000 kubikk massetil no. Enno ligg der igjen vel tusen kubikkmeter, seier han. Grus og steinmassane blir køyrde på lager i eit dyrkingsfelt der den skal nyttast til heving og drenering av terrenget. Ole Morten Muldsvor håper dei blir ferdig i løpet av vinteren og i god tid før vårflaumen kjem.

Skade også i Holedalen

Også i Holedalen ved heimsetra gjorde elva stor skade. Vatnvegen i elva har endra seg grunna opphoping av grus, stein og skog, og på Holesida er den gamle setrevegen borte i ei lengd på rundt 50 meter. Det er søkt om støtte frå Naturskadefondet til utbetring. Vassdragsvesenet dekkjer berre skadar der det er fåre for liv og bygningar.

Flaum 3

På dette dyrkningsfeltet skal grus -og steinmassa nyttast. Knut Sundgot til venstre saman med maskinkøyrar Ole Morten Muldsvor.
På dette dyrkningsfeltet skal grus -og steinmassa nyttast. Knut Sundgot til venstre saman med maskinkøyrar Ole Morten Muldsvor.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380