Sterke skiresultat
Inga Elise Vik frå Sunnylven IL gjekk eit av sine beste løp då ho kom på 4. plass i skiskyting sprint i helga.
Under Norgescup sprint i Drangedal skaut Inga Elise Vik feilfritt laurdag og gjekk fort i sporet. Det resulterte i 4. plass, men avstanden opp til pallen og Mari Sverdrup på 3. plass var fattige 1.9 sekund. Til nest øverste pallplass var avstanden 10.8 sekund. Ingrid Tandrevold Landmark, Fossum IF vann klart i kvinner 19 år.
Også Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven IL deltok under Norgescupen med Svene/Drangedal som arrangørar. Tryggestad kom på 24. plass under normalprogram etter god skyting (0-1-0-0), og fekk 45. plass i sprint (0-2) i tøff konkurranse i klasse menn 20/21.
Ny SBM-siger til Kristine Hjellbakk Hole.
Kristine Hjellbakk Hole deltok under SBM-cup Møre og Romsdal søndag, og med Osmarka IL som arrangør.
Kristine Hjellbakk Hole er einaste deltakar i krinsrenn frå Sunnylven IL denne vinteren. Ho representerer klubben på ein solid måte. Søndag gjekk ho til siger for andre gong i klasse j 13 år, men det var centimerer som avgjorde. Under fellesstart iklassisk fekk ho hard konkurranse av Guro Eline Vollan frå Tomrefjord IL. Begge fekk same tid, så det måtte målfoto til for å kåre vinnar. Vi gratulerer Kristine med sigeren.
Her er resultat, jenter 13 år:
Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL 11.35
Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL 11.35
Sara Bråten, Eide IL 15.07