Lokalnytt

Store byggeoppdrag for HT Bygg Hellesylt

Tilbygget ved Norsk Fjordsenter i Geiranger skal stå ferdig til 1. mai. (Foto: HT Bygg, Hellesylt)
Tilbygget ved Norsk Fjordsenter i Geiranger skal stå ferdig til 1. mai. (Foto: HT Bygg, Hellesylt)

HT Bygg Hellesylt har sikra seg oppdrag for 26. mill. kroner ved inngangen til år 2015.

HT Bygg AS er den nest største arbeidsplassen på Hellesylt. Bedrifta har 26 tilsette i administrasjon og snikkarar. Byggfirmaet har oppdrag over heile Sunnmøre og i Nordfjord og sette i fjor ny omsetningsrekord med vel 37. mill. kroner, ein auke frå året før på 20.0 prosent. Av dei største prosjekta var utviding av Norsk Fjordsenter i Geiranger og Sjøsida, eit leilegheitskompleks i Ullsteinvik.

Totalleverandør

Øystein Ljøen er dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt. Det heile starta i 1992 då Hellebostad Trevare AS vart kjøpt opp. Frå å levere glas og dører utvikla verksemda seg til å bli eit byggefirma for små og store oppdrag.

– Arbeidsmengda har auka år for år. Vi leverer bolighus, hytter, driftsbygningar, garasjeanlegg, skulebygg, byggjer støydempingstiltak, ja alt mogleg. Vi er totalleverandør heilt frå grunnen av til ferdig innreidd bygg, seier Ljøen.

Må til utlandet

– Med aukande oppdrag har problemet vårt vore å få tak i nok kvalifisert arbeidskraft. Difor har vi sett til utlandet og Polen. I dag har vi 11 polske, dyktige arbeidarar fast tilsette på same vilkår som våre norske. Fleire av dei har vore her i mange år og er etterspurde i byggebransjen, noko som har forandra seg mykje frå fyrste tida dei kom. Dei gjer godt arbeid, det som er litt problem er språket, men mange har lært seg litt norsk og dei fleste kan engelsk.

Med å hente arbeidskraft frå utlandet føler eg litt på er at vi kanskje har teke meir omsyn til firmaet enn å halde oppe folketalet i bygda. Det går ned, det blir ferre born både i barnehage og på skulen. Norsk og lokal arbeidskraft ville kan hende ha etablert seg her og stifta familie, men problemet er at vi ikkje har finne dei, seier Øystein Ljøen.

Trippel A

No står han og resten av HT Bygg Hellesylt ved inngangen til eit nytt år som lovar full sysselsetjing. Ordreboka for 2015 er fylt opp med nye oppdrag for 26. mill. kroner og meir er ute til forhandling. Største oppdraget er sju leilegheiter i Pihl-gården på Stranda, og fullføring av det 600 kv.m. store påbygget til Norsk Fjordsenter som skal vere ferdig 1. mai.

HT Bygg Hellesylt er ei solid hjørnesteinsbedrift i Sunnylven. Bedrifta har kredittverdigheit mellom dei høgast rangerte, berre 3.0 prosent av tilsvarande bedrifter i landet kan vise til liknande. I klassifisering av økonomi og kvalifikasjonar til tilsette har selskapet trippel A-rating åtte år på rad. Byggeoppdraga står i kø for HT Bygg Hellesylt. Kanskje går det mot ny omsetningsrekord for bedrifta, at fjorårets resultat er historie ved neste årsskifte.

Øystein Ljøen er dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt.
Øystein Ljøen er dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380