Sunnylvscup på ski onsdag
Onsdag 28. januar blir det andre rennet i Sunnylvscupen på ski arrangert i Hyttehola.
Rennet går i klassisk stil. Om det skulle by på problem å smørje skia godt nok, lovar skigruppa å hjelpe. Skigruppa minner også om at dei i yngre klasser som fekk tildelt startnummer sist tek dei med. Løparar som ikkje har startnummer får utdelt ved start.
Om nokon ikkje gjekk fyrste renn er dei velkomne til å delta i dei neste renna. Startkontingenten er 100.- kroner for alle renna, opplyser skigruppa. Start for løparar som går utan tidtaking er kl. 17.30, med tidtaking kl. 18.30. Sjå aktivitetskalendar.