LokalnyttLokalsport

Til topps i KM langrenn

Suveren KM-vinnar fristil i Jenter 13 år, Kristine Hjellbakk Hole.
Suveren KM-vinnar fristil i Jenter 13 år, Kristine Hjellbakk Hole.

Kristine Hjellbakk Hole er Sunnylven IL si nye gulljente. Søndag vart ho krinsmeister på 5. km. fristil for jenter 13 år.

Etter medaljetørke i langrenn for Sunnylven IL vart det unge Kristine Hjellbakk Hole som ordna ny KM-tittel til idrettslaget. Og det vart av det edlaste slaget, nemleg gullmedalje. Kristine var suveren i fristilløypa i Tomrefjord søndag og sigersmarginen på 5. km. fristil til Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL på sølvplass var på heile 1.13 min. Ingrid Bårdsnes, Tomrefjord IL fekk bronsemedalje.

Ei kanonløp der sluttida 16.51 var langt betre enn vinnar i jenter 14 år.

Dagen før, laurdag var det KM i klassisk stil. Her var det Guro Eline Vollan som stakk av med gullmedalja, tre sekund føre Kristine Hjellbakk Hole som ikkje hadde optimale ski under dette løpet.

Forma er tydeleg vis på topp hos Sunnylven IL sin einaste langrennsløpar på krinsnivå. Fyrste helg i februar går turen til Molde og Midt-norsk meisterskap med deltaking av løparar også frå Trøndelag. Seinare blir det kanskje ein tur til Oslo og Ungdomens Holmenkollrenn, får vi opplyst.

Renna i Tomrefjord laurdag og søndag var 5. og 6. i Sparebanken Møre Cup

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380