Aktivitetsdag med Fjellrosa 4H
Søndag inviterer Fjellrosa 4H til aktivitetsdag på Sunnylvsbygda grendahus, Hauge.
Komande søndag blir det triveleg dag saman med Fjellrosa 4H i og kring Sunnylvsbygda grendahus. 4H-klubben inviterer til grilling, kos, leikar og aktivitetar både inne og ute. 4H spanderer grillmat og drikke.
Sjå på veret og ta med passande klede for uteaktivitetar, heiter det i invitasjonen frå klubbleiinga.
Aktivitetsdagen startar klokka 12,00 og varer i to/tre timar. Alle er velkomne, både nye og gamle medlemmar, foreldre og dei som berre vil ha en kjekk dag med 4H.
Håper alle vil komme, og også kanskje bli med i 4H, skriv leiinga til slutt i invitasjonen.