Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylvsbygda grendalag

Sunnylvsbygda grendahus.
Sunnylvsbygda grendahus.

Sunnylvsbygda grendalag har halde årsmøte med knappe halvparten, rundt 20 medlemer til stades.

Det var eit godt og greit avvikla årsmøte i Sunnylvsbygda grendalag der Geir Frøysa held fram som leiar. Han tek fatt på sitt andre år og har desse med seg i styret.

Gisle Aaland, Erna Hellebostad, Olav Lade (attval), Margretha Helset Janssen (attval), Oddbjørg Stadheim (ny), Alf Ole Sundgot (ny).

Både årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjent utan merknader. Etter at barnehagen flytta ut av grendahuset for fleire år sidan er det enkeltarrangement som gjev dei største inntektene til laget. Det aller største er den såkalla «saudehaudfesten» med servering av salta/tørka saudehaud og med diverse i tillegg.

Sunnylvsbygda grendahus er godt vedlikehalde, men årsmøte vedtok nye arbeid som skal gjennomførast i år. Toalettavdelinga skal pussast opp, og heile huset skal målast utvendig i løpet av våren/sommaren.

Årsmøtet vedtok også å sende inn dei nødvendige data for å få registrert foretaket med organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380