Lokalnytt

Er du ein 4H-ar?

Fjellrosa 4H i Sunnylven vil ha fleire medlemer. I nær framtid går dei ut i ei aktiv vervekampanje. Les pressemeldinga frå klubben.

Kva er 4H?

4H Noreg er ein landsomfattande barne- og ungdomsorganisasjon som er partipolitisk uavhengig. Føremålet til 4H er å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarsfølelse og respekt for natur og menneseke.

Anne Grete Langleite er leiar i styret i Fjellrosa 4H.
Anne Grete Langleite er leiar i styret i Fjellrosa 4H.

4H er ein medlemsstyrt organisasjon der medlemmane sjølv avgjer kva dei vil utforske og tileigne seg kunnskap om.

I 4H får medlemmane høve til å utvikle seg, og vere ein del av eit sosialt fellesskap. Det blir ikkje stilt spesielle krav for å bli medlem. Medlemsalder er mellom 10 og 25 år.

Likar du dyr? Fotball? Strikking? Design? Friluftsliv? Motorar? Matlaging?  I 4H slepp du å velje èin bestemt aktivitet, men du får prøve deg på mykje forskjellig. Kvart år gjennomfører 4H-medlemmane eit prosjekt, aleine eller saman med andre i klubben. Dei vel sjølv tema for prosjektet.

Fjellrosa 4H

Fjellrosa 4H er den lokale klubben på Hellesylt, og har veldig lyst til å få fleire medlemmar til å delta. Klubben set derfor i gang ein vervekampanje denne veka.

Det blir sendt ut informasjon til skulen i neste veke (4-7 kl.) Vi gjer også oppmerksam på at vi også har behov for vaksne rådgjevarar.

Fjellrosa 4H besto i 2014 av 16 medlemmar, men er i 2015 noko færre. Vi er ein aktiv klubb, og vi håpe på at fleire vil bli med oss på moroa!

Anette Frøysa er kasserar i 4H-klubben i Sunnylven.
Anette Frøysa er kasserar i 4H-klubben i Sunnylven.

Aktivitetsdag i 4H.

Søndag 8. februar arrangerte Fjellrosa 4H ein aktivitetsdag både for gamle og nye 4Harar. Aktivitetsnivået var høgt, og klubben var godt fornøgd med oppmøtet! 14 ungar møtte opp med akebrett og godt humør, og også nokre spreke foreldre stilte opp. Det vart laga akebakke og hopp, organisert ein morosam natursti og grilling av pølser på bålpanne. Her vart det også gitt litt informasjon om kva 4H står for.

For meir informasjon om 4H – gå inn på www.4H.no!

Har du lyst til å bli med?

Kontakt          Anne Grete Langleite, leder i Fjellrosa 4H, 47343467

Anette Frøysa, kasserer i Fjellrosa 4H, 92221516

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380