Lokalnytt

Pressemelding frå Stranda kommune

I etterkant av den avlyste 50-års markeringa har Stranda kommune ved ordføraren sendt denne pressemeldinga til tilsette, kommunestyrerepresentantar og media.

Pressemelding

 –Ordføraren i Stranda kommune vil med dette melde frå om at den planlagde markeringa av kommunesamanslåinga mellom Stranda og Sunnylven er avlyst.

Årsaka til dette er den politiske motstanden mot planlegging og gjennomføring av markeringa for 50 år i Stranda kommune.

Gjennomføringa av «Gullbryllupsfesten» var tenkt som eit dugnadsbasert arrangement. Festen hadde eit totalbudsjett på kr. 16.500,-. Alle deltakarane på programmet stilte gratis opp for Stranda kommune.

Ordføraren i Stranda vil beklage sterkt at dette vart det politiske resultatet av denne enkle markeringa-.

Stranda, 10.02.2015

Med vennleg helsing

Stranda kommune

Jan Ove Tryggestad

Ordførar

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380