Lokalnytt

Quiz-kveld på Hægstad Gård

Frå Quiz-kveld i kafeterian på Hægstad Gård i fjor sommar. Trivelege kveldar der mange deltok.
Frå Quiz-kveld i kafeterian på Hægstad Gård i fjor sommar. Trivelege kveldar der mange deltok.

Komande laurdag blir det Quiz på Hægstad Gård. Og det kan bli fleire Quiz-kveldar om frammøtet blir bra.

Det er Fotballgruppa i Sunnylven IL som får inntektene av arrangementet som Jens Arve Forbord og Eivind Louis Helset dreg i gong og der dei to også har laga spørsmåla.

Fotballgruppa treng inntekter og vi ynskjer at det skal skje noko i bygda ein laurdagskveld, prøver å skape litt liv og sosialt samkvem, seier Jens Arve Forbord. Saman med Eivind Louis Helset lagar dei 30 spørsmål som laga skal svare på.

Inntil seks på laget

-Det vil dreie seg litt om lokale spørsmål, ein god del musikk, men i det heile blir det variert og innom fleire emne. Kvart lag kan bestå av frå ein til seks personar og deltakaravgifta blir 50.- kroner pr. person. Det er ikkje førehandspåmeldig, det er berre å møte opp frå kl. 19.00 når dørene på Hægstad Gård opnar. Quiz-en startar ein time seinare, då køyre vi ein runde med 15 spørsmål og retting. Etter ein pause blir det finalerunde, seier Jens Arve Forbord.

Nye Quiz-rundar

I lokala på Hægstad Gard blir det open bar med sal av forfriskingar. Eivind og Jens Arve håper mange kjem , det ville vore triveleg seier dei. Og dei lovar nærmast at blir frammøtet godt blir det ein ny Quiz-runde i påska, og kanskje ein før det også. (Sjå aktivitetskalendar)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380