LokalnyttLokalsport

Sjukdom hindra rennstart

Trygve Aaland Tryggestad, til venstre skal til junior-NM i Alta om to veker. Her saman med Isak Flo Bødal og Johan Erik Meland.
Trygve Aaland Tryggestad, til venstre skal til junior-NM i Alta om to veker. Her saman med Isak Flo Bødal og Johan Erik Meland.

Fleire gode vinterutøvarar frå Sunnylven IL var hindra frå rennstart grunna sjukdom sist helg.

KM-vinnar Kristine Hjellbakk Hole var påmeldt til Midt-norsk meisterskap i langrenn ved Skaret skisenter i Molde. Men ein vond hals og litt feber stoppa all deltaking for 13-åringen som heilt sikkert hadde hevda seg i konkurransen. Andre i klassa frå Møre og Romsdal kom høgt på resultatlista. Etter Sunnylvscup komande onsdag er ungdommens Holmenkollrenn om to veker det neste målet for Kristine, fortel far og trenar Hans Hole.

Sjuke skiskyttarar

På Østre Toten var det NC i skiskyting. Her skulle både Inga Elise Vik og Trygve Aaland Tryggestad, begge Sunnylven IL delta. Ingen av dei to kom til start grunna sjukdom. Om to veker er det Norgesmeisterskap for junior i Alta. Der skal begge delta om sjukdomen er borte.

Holmenkollen Skimaraton

I Holmenkollen skimaraton laurdag deltok Hans Kristian Stadheim og representerte Lyn ski/Sunnylven IL. Mellom 3-4000 deltakarar vart det 86. plass totalt i det 54 km. lange klassiske rennet. Sluttida 2.56.01 var vel 27 min. etter vinnar Øystein Pettersen og heldt til 19. plass i klasse 25-29 år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380