LokalnyttLokalsport

Sprint i junior-NM skiskyting

Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven IL. (Arkivfoto)
Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven IL. (Arkivfoto)

Sunnylven IL sine to deltakarar i junior-NM skiskyting, Inga Elise Vik og Trygve Aaland Tryggestad gjekk sprint laurdag.

Trygve Aaland Tryggestad i menn 20/21 hadde ein betre dag på sprint laurdag enn under normaldistansen i junior NM skiskyting i Alta. Laurdag lukkast skytinga betre for Trygve , men to bom er nok ikkje den gode skiskyttaren nøgd med . Alle blinkane vil han helst sjå kvite. Det vart 44. plass (1-1) 3.47.9 etter vinnaren.

Inga Elise Vik i kvinner 19 år kom på 31. plass på sprinten, (3-3) 6.22.5 bak Ingrid Landmark Tandrevold, Fossum IF som også vann på fredag.

Ingrid Gausemel, Hornindal IL som tok sølv på normaldistansen i kvinner 17 år fekk ein ny sterk 8. plass laurdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380