Årsmøte i Venneforeining
Venneforeininga i Hellesylt Bygdetun har halde årsmøte. I tillegg til årsmøtesaker fekk tolv frammøtte sjå gamle bilete frå Sunnylven, og bli servert kaffi og sveler.
Det vart attval av alle tillitsvalde i Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun. Styret har såkalla «flat struktur» der desse er med:
Kontaktperson: Marit Ljøen
Sekretær: Eldrid Skrede
Kasserar: Odd Jostein Bjørdal
Styremedlemer: Astrid Langeland og Arne Ringdal.
1.varamedlem: Hilde Langlo Brekke
2.varamedlem: Ruth Hole Aaland
Av årsmeldinga går det fram at foreininga har 127 medlemer. Også i fjor vart det arrangert olsokstemne i Bygdetunet med servering av rjomegraut. Stemnetalar var Olav Elling Gausdal som bidrog både verbalt og musikalsk kring temaet, «Vi har ei historie å ta vare på».
På nissefesten før jul møtte det heile 70 born og vaksne som fekk servert graut, saft og gløgg, og der var besøk av nissemor og nissefar.
Venneforeininga har også organisert dugnadar, mellom anna med oppsetjing av gjerde kring eigedomen i Lillegjerde, og det er blitt sendt ut både sommar –og julehelsing til medlemane.