Lokalnytt

«Dalarane» er klare

Mange "Dalara" på scena under grendakveld i 2011. I år blir dei enno fleire.
Mange «Dalara» på scena under grendakveld i 2011. I år blir dei enno fleire.

I morgon laurdag er det klart for den årlege grendakvelden i Sunnylven. Vertskap saman med Hellesylt UL er «Dalarane» som byd på både underhaldning, bevertning og svingom til slutt.

Årets underhaldningskveld i storstova på Hellesylt er berre få timar unna. Torsdag hadde «Dalarane» ei av dei siste øvingane på eit lødig program til laurdag kveld der små og store hendingar gjennom siste året, også frå politikarane sine møterom vil bli belyst og forklara på den mest fantasifulle måte.

Vi møtte fram for å frette ut litt om kva ein fullsett sal har i vente. Det vart lite vi fekk lirka ut av ordknappe Dalara, men Langedalen og Nibbedalen har dyktige musikarar. Vi trur eit Storband kjem til å entre scena med musikk både i ei eiga avdeling i programmet og med komp til fleire revyviser. Og dei som vart skuffa over at Gullbryllaupsfesten vart avlyst kan glede seg. Vi fekk i grunn bekrefta at det blir kommunal 50-års fest med Dalarane som vertskap.

Nær tretti personar er involvert i programmet, nesten så det vart knappheit på kjøkkenhjelp til bevertninga. Men, nei det blir servering av spekemat til alle frammøtte. Etter program og bevertning er det dans til musikk av duoen «Mix».

Det blir sal av nummererte billettar i vestibyla på samfunnshuset laurdag 28. mars kl. 12.00 – 14.00. Programmet tek til kl. 19.30, men dørene opnar kl. 18.30 med sal av forfriskningar. Aldersgrense under dans er 18 år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380