Lokalnytt

Godt år for Felleskjøpet

ORIENTERTE TIL BØNDER: Frå venstre direktør i Felleskjøpet Agri Jon Arne Ulvan, styremedlem Oddhild Saure, møteleiar og bonde Oddvar Tynes.
ORIENTERTE TIL BØNDER: Frå venstre direktør i Felleskjøpet Agri Jon Arne Ulvan, styremedlem Oddhild Saure, møteleiar og bonde Oddvar Tynes.

Samvirkeorganisasjonen Felleskjøpet hadde eit godt driftsår i 2014. Total omsetning var over 12 milliardar som gav eit solid overskot og 47. mill. kroner i bonusutbytte til medlemane.

Rundt 40 bønder frå Sunnylven og Hornindal var samla i Tronstad Grendahus til krinsmøte torsdag. Leiar i region fem Oddvar Tynes frå Sunnylven styrte møtet. Til stades var også direktør i Felleskjøpet Agri Jon Arne Ulvan og styremedlem Oddhild Saure, Bjørke. Begge orienterte frå drifta i 2014.

Støttar unge bønder

Felleskjøpet er rundt om i heile landet i desse tider til 107 krinsmøter. Det er nyttige samlingar der eigarane møter leiinga i Felleskjøpet og stiller spørsmål og kjem med synspunkt som leiinga noterer seg. Dette er viktig for å utvikle organisasjonen sa Oddhild Saure.

-Leiinga i Felleskjøpet er opptekne av å få med unge bønder og gje dei gode råd. Det er dei som er framtidas matprodusentar og vi prøver å hjelpe med informasjon om alt frå byggningar til gjødsling, hausting av avlingar og foring. Vi arrangerer fagmøter og sosiale samlingar og Felleskjøpet gjev 1.5 prosent etableringsrabatt til unge bønder dei fyrste tre åra, fortalde Oddhild Saure.

Godt plantemateriale viktig

-Å vere til stades over heile landet med dyktige medarbeidarar, det vere seg rådgjevarar, mekanikarar og andre fagfolk  er også viktig for Felleskjøpet. Oljeindustrien har vore ein konkurrent om lærlingar, men om ein greier å skape ein arbeidsplass med godt miljø kan ein lukkast. Vi skal vere leiande innan plantekultur med godt plantemateriale som yter maksimal avling. Både gras og kornavlingane var gode i 2014, vi produserte 70 % av matmjølet vi brukte i Norge, litt mindre av eige produsert korn til kraftfor. I 2014 auka Felleskjøpet kraftforsalet med 7000 tonn, fortalde Oddhild Saure.

Frå Oslo til Tronstad

Direktør i Felleskjøpet Agri, Jon Arne Ulvan kom eins ærend frå Oslo for å vere til stades på krinsmøtet. Krinsmøter var viktige for å få tilbakemeldingar på det som var bra og det som burde rettast på, sa han. På Tronstad møtte han ei forsamling sindige bønder som hadde få kritiske spørsmål å kome med.

Lav sjølvforsyning

Ulvan såg oppgåver Felleskjøpet må ta tak i. -Det er ei kjennsgjerning at det blir færre bønder i landet, vi har ein sjølvforsyningsgrad på 40 %, så kvar bonde er viktig å ta vare på. Vi må opp med sjølvforsyninga og ikkje gjere oss så avhengig av andre. Skal vi møte framtida må vi bli enno betre, og vi må få fram den gode kvaliteten på norskprodusert mat, der har vi eit fortrinn. Der har vi ein jobb å gjere, for det er ikkje slike opplysningar som kjem på framsida til tabloidavisene, sa Ulvan.

Val på kretsmøtet

Oddvar Tynes, Sunnylven held fram som leiar og vart vald til utsending til årsmøtet i Felleskjøpet Agri. Varamedlem: Anders Hjellbakk, Hornindal.

Valnemnd: Inge Røyrhus, Synnøve Kjellstad, Ola Rygg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380