Gulljenta fekk gullhue
Det vart både ryggsett, startnummer med talet ein, og ikkje minst gullhue på Emilie Brekke då skigruppa i Sunnylven IL gjorde litt stas på gulljenta og NM-vinnaren under cuprennet onsdag.
Det vart dei beste supperlativ ein kan få då leiar Hans Hole på vegne av skigruppa gjorde stas på Emilie Brekke, den fyrste norgesmeisteren i Sunnylven IL. Emilie gjekk på vinnarlaget til Sogn og Fjordane SSK under Hovedlandsrennet, eit stafettlag som knuste nærmast lag med nær 45 sekund.
Før starten på det femte rennet i Sunnylvscup på ski onsdag kveld overrekte Hans Hole gåver til 16 år gamle Emilie, ein ryggsekk, eit startnummer med eittalet på og ikkje minst ei gullfarga hue.
-Vi er veldig stolte av deg, du har representert klubben på ein framifrå måte gjennom heile di skikarriere og ikkje minst med å bli vår fyrste norgesmeister. Og du er alltid blid og grei å prate med, også i renn med motgang. Måtte du vere eit forbilde og ein inspirasjon til andre, for du har vist at med trening og stå-på-vilje kan ein nå langt-.
Ei stor samling unge og eldre frå skifamilien i Sunnylven IL applauderte for gulljenta, den alltid blide og smilande Emilie.