LokalnyttLokalsport

Har preparert løyper

Eventyrlege forhold på Liamyrane i Kjellstadli.
Eventyrlege forhold på Liamyrane i Kjellstadli.

Med strålande ver i vente heile helga har skigruppa i dag fredag køyrd opp løyper for klassisk og skøyting på Liamyra og mot Terdalen.

Tor Odd Kjellstadli på trakkemaskina til Sunnylven IL melder om topp forhold for skiinteresserte. Det er køyrd opp ei løype på rundt fem  kilometer på Liamyra og eit stykke mot Hornindal. Om ein vil kan ein ta av på fylkesgrensa  og gå om lag halve løypa, seier Tor Odd Kjellstadi.

Det vart også ein tur på Appelsinhaugen med trakkemaskina. Der snudde dei fredag då der var ein del vind og sporet dreiv igjen.

Det ligg ann til ei strålande helg, så finn fram ski og ta turen til Liamyra og Terdalen. Der kjem sola kl. 08.15 og skin til nær kl. 18.00.

Eit enkelt smørjetips i grovkorna snø: Tynt lag Universalklister.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380