I samspel på Skodje
I helga var Sunnylven skulekorps på besøk til Skodje og i samspel med Skodje Skolekorps. Det vart ein flott konsert.
Sunnylven skulekorps og Skodje skulekorps hadde i januar felles øvingshelg på Hellesylt, og i helga var det konsert på Skodje.
Trond Otto Berg er dirigent for begge dei to skulekorpsa og styrte dirigentstokken også under konserten i helga.
Dei to korpsa spela fleire nummer som svinga flott i konsertsalen, både kvar for seg og til slutt eit fellesnummeret med tonar
frå filmane om Olsenbanden.
Leiar i styret for Sunnylven skulekorps, Anita Langeland synest det er veldig kjekt både for musikantar og leiarar å samarbeide og stifte kjennskap med andre korps.
Sunnylven skolekorps tel ikke så mange musikantar akkurat no, men ho håper på at det kjem til mange nye aspirantar til hausten.