Joyful framførte påskemusikal
Også i år under familiegudstenesta palmesøndag framførte ungdomskoret Joyful påskemusikalen «Har du hørt det».
Musikalen «Har du hørt det» av Alf Georg Østebrøt har blitt framført i Sunnylven kyrkje som innleiing på påska kvart år frå tidleg på 90-talet. Musikalen har masse flott musikk og fine, men sterke tekstar der temaet er Jesus sitt liv frå palmesøndag, korsfestelsen på Golgata til oppstoda fyrste påskedag.
-Dere er mine venner, jeg gir av meg selv- heiter det i ein innleiande song. Men snart blir alt endra og folket ropar -korsfest han, slipp Barabass fri-. Jesus døyr på Golgata og blir gravlagd, men nokre dagar seinare kjem bodskapen om at han har stått opp av grava.
Sokneprest Stein Karstensen ønska alle vel møtt, men det var ungdomen som stod for det meste under familiegudstenesta palmesøndag. Unge Lars Kvam Karbø sat ved kyrkjeorgelet og gav tonefylje til salmar. Han imponerte også mykje med sitt avsluttande postludium.
Og framføringa av musikalen med Joyful og leiarar Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim gleda stort. Forteljinga er sterk og rørande sjølv om vi kjenner innhaldet gjennom tjue år. For mange er det nok ein rikdom og ei stor gåve å kunne oppleve denne innleia til påskeveka.