LokalnyttLokalsport

Klart for Birken

Frå starten på Tingstadjordet, Rena.
Frå starten på Tingstadjordet, Rena. (Arkivfoto)

Laurdag går det 77. Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer. Rundt 13.000 kvinner og menn legg ut på same tur, men i motsatt retning som Torstein Skjevla og Skjevald Skrukka gjekk i 1205.

29 nasjonar er representert på start under årets Birkebeinerrenn laurdag 21. mars. Mellom dei rundt 13.000 kvinner og menn som stiller til start i det 54. km. lange rennet frå Tingstadjordet, om Skramstad, Kvarstad, Sjusjøen til Birkebeineren skistadion på Lillehammer er også Sunnylven IL representert.

Gisle Aaland var på plass også i fjor, men då vart rennet avlyst grunna verforhold. I år er han tilbake på start for å sikre seg sitt fyrste merke.

Paul Tronstad med 24 merker til no var også påmeldt, men eit skurrande kne har hindra spissing av forma. Han står over årets renn.

Hans Kristian Stadheim bur og jobbar i Oslo. Han går Birken for Sunnylven IL / Lyn Ski og jaktar sitt 10. merke. Det gjev ekstra premie, ein gourmet/dekketallerken frå Hadeland Glassverk påstempla birkebeinerlogo.

Frå naboklubbar

Valldal IL er den store langrennsbygda på Sunnmøre målt etter antall deltakarar i Birken. På startlista står heile 14 namn. Også andre naboklubbar er godt representert. (Antall merke før årets renn):

Stranda IL: Tore Loe (9), Knut Anders Hatlen (13).

Velledalen IL: Kjell Magne Berli (1), Karstein Magne Jensen (0), Svein Arne Nakken (15)

Sykkylven IL: Fridtjof Fredriksen (8), Jan Egil Årnes (17), Berth Wilhelmsen (32)

Hornindal IL: Anna Amalie Espe (0), Reinar Aaland (8).

Historia

Birkebeinerrennet går i om lag same terreng som skiløparane Torstein Skjevla og Skjevald Skrukka gjekk med det to år gamle kongsemnet Haakon Haakonsøn i 1205. Den vesle guten skulle fraktast til kong Inge i Nidaros, men dei våga ikkje å reise opp Gudbrandsdalen då Baglarane ville drepe kongsbarnet. Det var tryggare opp Østerdalen så difor måtte dei over fjella frå Lillehammer til Rena. Dei makta turen og fekk barnet trykt til Nidaros. Haakon Haakonsøn vart seinare konge i Norge. Under han hadde landet ei storheitstid i mellomalderen.

Alle som går Birkebeinerrennet må bere sekk på 3.5 kg. som skal svare til vekta av kongsbarnet Haakon Haakonsøn.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380