LokalnyttLokalsport

Ny Birkebeiner frå Sunnylven IL

Gisle Aaland med nummer 4165 klar på start til sitt aller fyrste Birkebeinerrenn.
Gisle Aaland med nummer 4165 klar på start til sitt aller fyrste Birkebeinerrenn.

Gisle Aaland, Sunnylven IL gjekk i mål til merke og diplom i det 77. Birkebeinerrennet laurdag. Ei fantastisk oppleving fortel Sunnylven IL sin nye Birkebeiner.

Gisle Aaland gjekk sitt fyrste Birkebeinerrenn og fullførte den 54. km. lange styrkeprøva frå Rena til Lillehammer godt under merkekravet. Han besto krafttesten med glans og vart dermed ny mann på lista over «ekte» Birkebeinarar frå Sunnylven IL.

-Det var ein kjekke dag laurdag, seier Gisle som kom i mål på 3.38.36 og godt under maksimaltida for merket. -Eg åpna litt forsiktig, for å gå i over tre og ein halv time har eg ikkje gjort før. Frå starten på Tingstadjordet til Skramstadsæter er det ni kilometer med berre stigning og vidare går løypa i mote ei halv mil til før fyrste unnarenning. Difor tok eg det roleg til fyrste tidspost på Skramstad der eg var likt med det som ville bli merkekravet.

Ny start neste år

-Men utover i løpet gjekk det i grunn bra sjølv om siste kneiken opp til Kvarstad var tung, då vart eg litt sliten, fortel Gisle Aaland. Det var ein veldig fin tur over fjella i solskinet, litt drevsnø i løypa enkelte plassar, men elles gjekk det mykje betre enn eg frykta. Og skia var gode, det var ei oppleving som motiverer til å satsar på ny «Birken» neste år. Det har eg bestemt meg for og eg håper vi blir fleire frå Sunnylven IL då, det har eg i grunn fått signal om alt, seier Gisle Aaland.

Tiande merke

Hans Kristian Stadheim, sunnylving som  bur i Oslo gjekk også Birkebeinerrennet laurdag, i år for tiande gong. Sluttida i mål på Lillehammer var 2.56.57, den nest beste for han nokon gong (2.47.24 i 2008). Han gjekk inn til sitt tiande merke og i tillegg fekk han eit glasfat frå Hadeland Glassverk i premie.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380