På utescena under Sommardagar
Komiteen for Sommardagar på Hellesylt har fått på plass det fyrste innslaget frå utescena fyrste helg i juli. Det er duoen Sudan Dudan frå Valdres.
Anders Erik Røine og Marit Karlberg skjuler seg bak namnet Sudan Dudan. Dei to formidlar tradisjonsmusikk på vokal, gitar, langeleik og munnharpe.
Sudan Dudan kjem frå Valdres og har sett ein ny standard for bruk av song og strengeinstrument. Også måten dei set saman det heile blir musikk litt utanom norsk tradisjon, litt amerikansk og litt afrikansk-inspirert i toneklangen.
Sudan Dudan har halde ei rekke konsertar på norske småscener og skaffa seg ein stor lyttarskare rundt om. Også på store scener og publikumsfestivalar som Rockefeller, Vinjerock og Øyafestivalen har duoen hausta unison applaus for sine tolkingar og framføringar av norsk tradisjonsmusikk.
Under Sommardagar på Hellesylt fyrste helg i juli blir Marit Karlberg og Anders Erik Røine å høyre frå utescena i sentrum av Hellesylt.
Høyr duoen framføre «Svein Svane» her: https://www.youtube.com/watch?v=_SfvTCJq69Q