Påskemusikal i Sunnylven kyrkje

Joyful har framført påskemusikalen i meir enn 20 år.

Joyful har framført påskemusikalen i meir enn 20 år.

Heilt tilbake til 90-talet har påskemusikalen «Har du hørt det» av Alf Georg Østebrøt blitt framført i Sunnylven kyrkje palmesøndag.

Musikalen er ei sterk historie om Jesus sitt liv den siste tida, ei forteljing om svik, fornektelse, tida fram til korsfestelsen, og til sist oppstoda frå grava påskedag morgon. -Dere er mine venner, jeg gir av meg selv-, heiter det i ein av dei fyrste songane. Snart blir alt endra, frå glede til hat og folket ropar; korsfest han, slipp Barabass fri!

Som tidlegare er det ungdomskoret Joyful som har øvd inn påskemusikalen og står for framføringa. Totalt er 12 unge med, leiar av Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim. Den sterke forteljinga i ord og tonar blir å høyre under gudstenesta palmesøndag 29. mars kl. 12.00 (merk tida)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380