Lokalnytt

Påskevandring i kyrkja

 

"Haregruppa" og "Revegruppa" saman med Kirsti Frøysadal Hauge t.v., Åse Støverstein Ringdal og sokneprest Stein Karstensen.
«Haregruppa» og «Revegruppa» saman med Kirsti Frøysadal Hauge t.v., Åse Støverstein Ringdal og sokneprest Stein Karstensen.

Tysdag var det påskevandring i Sunnylven kyrkje for born frå Sunnylven barnehage og Sunnylven skule. Vi fekk også vere med.

Det vart ei fin, men også spanande oppleving for borna frå «Haregruppa» og «Revegruppa» frå Sunnylven Barnehage då dei fekk fylje sokneprest Stein Karstensen på påskevandring i kyrkja. Eit tiltak som er av nyare dato i Sunnylven, og lærerikt.

Borna med tilsette og sokneprest starta si vandring med song og vink med «palmegreiner» i inngangen på kyrkja. Der i frå heldt dei fram frå post til post i ei forteljing om Jesus og læresveinane sitt liv og vandra gjennom påskeveka. Illustrert på ulike måtar vart det ofring, vasking av beina, utdeling av nattverd og vandring gjennom Getsemane.

Det vart ein både lærerik og triveleg time med gode forteljingar og mykje song og musikk. Og før dei ti frå yngste gruppe i Barnehagen forlet kyrkja, vart det som det høver seg unison «takk for oss» til soknepresten.

Seinare same dag venta Stein Karstensen meir besøk og ny vandring med «Bjørnegruppa» frå barnehagen, og dei yngste klassene frå Sunnylven skule.

Under gudstenesta på palmesøndag blir det framføring av påskemusikalen «Har du hørt det» med ungdom og Joyful.

Vandring 3

Vandring 4

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380