LokalnyttLokalsport

Tryggestad sølv i skifeltskyting

Trygve Aaland Tryggestad t.v og Ole Martin Erdal på sigerspallen
Trygve Aaland Tryggestad t.v og Ole Martin Erdal på sigerspallen

Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven gjekk inn til sølv på normaldistanse i skifeltskyting senior i Oppdal.

Kongepokalvinnar vart Ole Martin Erdal frå Førde skyttarlag. Han skaut best og gjekk raskest. Tryggestad hadde nest beste langrennstid, men ikkje heilt fulltreff på standplass. 26 treff mot Erdal sine 30. Trygve Aaland Tryggestad fikk Generalinspektøren for hæren sin pokal for beste løper under 21 år.

Fjerde plass søndag

På sprint skifeltskyting søndag kom Trygve Aaland Tryggestad på fjerde plass. Det vart seks minutt tillegg på den gode sunnylvsdeltakaren og så vidt utanfor pallen sjølv om han hadde nest beste langrennstid. Tryggestad var 59 sekund bak Ole Martin Erdal som vann, men som beste deltakar under 21. år fekk han Norges skyttarstyre sitt krus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380