Vil pynte på Grand Hotel

Grand Hotel, Hellesylt.

Grand Hotel, Hellesylt.

Fasaden på Grand Hotel, Hellesylt skal pyntast på før turistsesongen. Og det blir berre pubdrift denne sommaren.

John Egil Jacobsen er eiendomsforvaltar i Flakk Eiendom. Han har tilsyn med ei lang rad bygningar, også dei som Flakkgruppen eig på Hellesylt. Her gjeld det meieriet og Grand Hotel der spesielt hotellet er lite presentabelt sett utanfrå.

Etter å ha fått spørsmål frå fleire på Hellesylt om kva som skjer med Grand Hotel tok hellesylt.info kontakt med John Egil Jacobsen. I ein hyggeleg telefonsamtale bekrefta Jacobsen at Grand Hotel er leigd ut til Ramazan Øcal fram til 2017. I den perioden har leigar det heile og fulle ansvar for drift og vedlikehald.

Jacobsen var nyleg på Hellesylt og såg at fasaden på hotellet hadde behov for både måling og diverse bygningstekniske utbetringar. Han stadfesta at det vil bli utført oppussing av fasaden utvendig før turistsesongen startar , eit arbeid han sjølv vil sjå til at det blir utført.

Når det gjeld drift av Grand Hotel, hadde leigar bestemt seg for at det ikkje blir utleige for overnatting på motellet, men berre drift i puben på hotellet i sommar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380