Lokalnytt

Æresmedlem i Sunnylven sanitetslag

Mangeårig leiar og medlem i Sunnylven sanitetslag, Anne Gausdal vart tildelt diplom og æresmedlemskap i laget, overrekt av Kari Hauso Stadheim til høgre.
Mangeårig leiar og medlem i Sunnylven sanitetslag, Anne Gausdal vart tildelt diplom og æresmedlemskap i laget, overrekt av Kari Hauso Stadheim til høgre.

Under Vårtreffet for medlemer i Sanitetslag og Pensjonistlag på Sunnylven kyrkjelydshus laurdag vart Anne Gausdal tildelt diplom og utment til æresmedlem i Sunnylven sanitetslag.

Det var leiar i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim som stod for overrekinga til eit trufast medlem for laget gjennom mange år. I tillegg til diplom vanka det mange gode ord til heiderspersonen som vi gjengjev her;

 

-Stort engasjement, mykje ansvar og arbeid, og eit stort bankande hjarte for saniteten.

Dette er ord som for oss oppsummerer Anne Gausdal sitt forhold til Norske Kvinners Sanitetsforeining generelt og Sunnylven sanitetslag spesielt. Då eg kom til bygda og vart medlem var du for meg sjølve saniteten.

I to periodar og heile 18 år til saman har du vore primus motor for det som blei gjort i laget saman med dei andre i styret og medlemmane. I lagsboka vår, som du var med og fekk laga, er det dokumentert alt som blei gjort og gjennomført dei åra du var leiar, og det er ikkje lite.

Her vil eg trekke fram saniteten sin loppemarknad. Det vart sagt at det skjedde for lite på Hellesylt om sommaren. Då tok du og sanitetskvinnene utfordringa og arrangerte loppemarknad for første gong i 1976. Det vart ein stor suksess. Det kom inn så mykje lopper at mennene måtte trå til og snekre stativ  og salsbenkar.  I gatå krydde det av folk og passasjerar frå eit cruiseskip kjøpte både klesplagg og antikvitetar. Dette var starten på det som no er Sommardagar på Hellesylt. Så Anne, kanskje er det du og sanitetskvinnene som må finne nye aktivitetar som kan få dei mange cruiseturistane til å stanse på Hellesylt.

Overskotet av loppemarknaden har gått tilbake til bygda. I arbeidet med å få ny Aldersheim til Sunnylven kom dette overskotet  godt med. Ny aldersheim var ei sak som du og laget brukte mykje tid og krefter på. Gjennom arrangement og dugnad blei det gjort eit stort arbeid for Aldersheimen. I tillegg vart det med utgangspunkt i saniteten stifta ei gruppe kalla Aldersheimens venner som heldt fram arbeidet med å gjere heimen til ein god og triveleg stad for bebuarane.

For det engasjementet og arbeidet du har gjort for Sunnylven sanitetslag ønskjer vi å utnemne deg til æresmedlem. Du er enno sprek og  engasjert i sanitetsarbeidet  til glede for laget og dei rundt deg. Framleis levandegjer du orda i A.P. Ringdal sitt dikt skrive til Sunnylven sanitetslag i 1976.

Kilda til lukke er kjærleik til nesten

Ei hjelpande hand og eit smil attpå.

Kilda til lukke er omsorg for andre,

Eit glimt av sol når dagen er grå.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380