Lokalnytt

Årsmøte i eige hus

Måndag heldt Gamleskulen aktivitetsmuseum årsmøte i den gamle skulestova.
Måndag heldt Gamleskulen aktivitetsmuseum årsmøte i den gamle skulestova.

Årsmøte i Gamleskulen aktivitetsmuseum vart halde måndag 20. april, i eige hus.

Berre ni medlemer møtte då Gamleskulen aktivitetsmuseum på Hellesylt heldt årssamling måndag, for fyrste gong i eige hus i den gamle skulestova. Den nyrestaurerte vedomnen sytte for god varme og ein parafinlampe og nokre starinlys lyste opp lokalet.

Årsmøtet gjekk raskt unna der både årsmelding og rekneskap vart godkjent utan merknader.

Roar Folke Ljøen vart nytt medlem i styret etter Liv Jorunn Sporstøl som ynskte avløysing medan Odd Jostein Bjørdal tok attval.

Styret i Gamleskulen aktivitetsmuseum:

Styreleiar: Kari Hauso Stadheim.

Nestleiar: Marit Ljøen.

Skrivar: Odd Jostein Bjørdal

Kasserar: Solfrid Onsøien Lien

Syremedlem: Roar Folke Ljøen.

Varamedlemer: 1. Arne Ringdal, 2. Stein Karstensen, 3. Fredrik Stadheim.

Valnemnd: Eldrid Skrede, Liv Jorunn Sporstøl.

Foreininga hadde 128 betalande medlemer i 2014. Medlemskontingenten har vore 100.- kroner og vart vedteken uendra. Det vart utført ein del vedlikehald både inne og ute på skulebygget frå 1898, og nye tiltak står på arbeidsplanen for 2015 som skifting av roteskada kledning og måling av huset utvendig.

Ope under Sommardagane

Gamleskulen var open under Sommardagane i fjor og blir det også i år. I tillegg «leitar» leiinga etter andre innteksbringande arrangement til utbetyringar og til nedbetaling på lånet etter takreparasjonen som no er på vel 138.000.- kroner.

I årsmeldinga takkar styret dei mange, både bygdefolk, utflytte sunnylvingar og andre som har engasjert seg og støtta Gamleskulen aktivitetsmuseum med gåver. Denne støtta er svært viktig for å kome vidare i arbeidet og til glede og inspirasjon for oss i styret, heiter det til slutt i årsmeldinga.

Stearinlys og ein parafinlampe lyste opp i gamleskulen under årsmøtet.
Stearinlys og ein parafinlampe lyste opp i gamleskulen under årsmøtet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380