LokalnyttLokalsport

Avslutta med pizza

Frå avslutningsfesten for skiskyttarar i Sunnylven IL (Foto: Privat)
Frå avslutningsfesten for skiskyttarar i Sunnylven IL (Foto: Privat)

Søndag inviterte skiskyttargruppa i Sunnylven IL sine utøvarar til avslutning på sesongen.

På biletet tel vi 18 unge, lovande skiskyttarar som har oppnådd mange fine resultat i vinter og som var invitert til avslutningsfest på sesongen søndag. Vi har ikkje fått opplysningar om samlingsstad, men meinar å vite at det  er på Øcal, Hellesylt. Då vart det nok både ein og fleire pizza å smake på. Og det hadde dei fortent.

Då rullar fotballen ei tid for mange av dei, men vi håper å sjå og høyre frå skiskyttarane når ein ny vinter kjem igjen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380