Frå noteark med mykje kjærleik

"Fossedur" oppsto til Sommardagar på Hellesylt i fjor. Frå venstre Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal, Olav Elling Gausdal, Erik Torset.

«Fossedur» oppsto til Sommardagar på Hellesylt i fjor. Frå venstre Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal, Olav Elling Gausdal, Erik Torset.

To dagar før 17. mai blir det song –og musikkveld på Sunnylven samfunnshus. Arrangør er fotballgruppa i Sunnylven IL.

I Sunnylven øver song og musikkrefter i alle aldrar til fotballgruppa sin underhaldningskveld fredag 15. mai. Eit variert og melodiøst program held på å ta form med lokale aktørar både på vokal og instrumentalt.

Den raude tråden gjennom det vel timelange programmet blir kjærleik. Ordet blir med i alle innslag, fortel ein av drivkreftene bak arrangementet, Erik Torset.

-Berre tenk på viser av Halvdan Sivertsen, Olav Stedje, Roger Whittaker eller ABBA. Der er nok av tekstar å ta av med ordet som betyr så mykje og knyter band til folk, dyr, natur, stader eller andre ting.

-I utgangspunktet skulle det vere revy med både song, musikk og sketsjar, men etter Dalarane sitt knallgode program under grendakvelden våga vi oss ikkje frampå med sketsjar, skjemtar Erik Torset. Men han lova ein minnerik kveld då vi slo av ein prat under øving på Tronstad Grendahus. Suksessbandet «Fossedur» med Olav Elling Gausdal gitar og vokal, Bjarne Sjåstad bass, Erik Torset sologitar og Jostein Ringdal slagverk, hadde også Ingelin Storstein Hole med på øvinga denne kvelden.

«Fossedur» blir klare med minst fire låtar, kanskje vil det svinge også frå The Shadows sine noteark, ei ungdommeleg gruppe med Ingelin Storstein Hole, Ole Hjalmar Bonsaksen, Gro Mari Kjellstadli Langleite, Lars Kvam Karbø og Erik Torset blir å høyre, det blir innslag med ungdom frå 9. og 10. klasse, og ikkje å forgløyme femten kordamer som øver inn minikonsert med komp frå «Fossedur».

Til aller sist blir det allsong, fortel Erik Torset. –Då forventar vi trøkk frå maifriske stemmeband i ein fullsett storsal, gjerne så bra at nesten taket lettar og murpussen slår sprekker i samfunnshussalen -.

Fotballgruppa vil ha open kiosk med sal av forfriskingar. –Vi avsluttar kvelden med dans til musikk av Kjetil Grodås, seier Åse Støverstein Ringdal hos arrangøren. Fotballgruppa håper at mange blir med på ein triveleg kveld.

Hellesylt.info kjem med meir etter kvart som «kvelden» nærmar seg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380