LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2015

God oppslutning om planleggingsmøte

Hellesyltdagar

Rundt 25 personar møtte fram då komiteen for Hellesyltdagane kalla inn til orientering og planleggingsmøte onsdag kveld.

Dei fleste lag og organisasjonar var representert då leiar i komiteen for Hellesyltdagane 2015, Svein Sporstøl ønska vel møtt til stort møte. Mykje er på plass i høve årets arrangement 3. – 5. juli. og meir  kjem etter kvart kunne han stadfeste.

Det blir namneendring, ikkje Sommardagar på Hellesylt, men heretter skal det heite Hellesyltdagane har komiteen kome fram til. Alle andre arrangement i bygda gjennom sommaren skal kome under nemninga Sommardagar på Hellesylt, sa Sporstøl.

Hellesyltdagane har no eiga facebook-side  og snart kjem eiga nettside. Meldingar til desse kan sendast på post@hellesyltdagar.no.

Av opplevingar blir årets festivalhelg på Hellesylt like spanande og innhaldsrik som tidlegare. Oppdateringar etter kvart vil ein også finne under lenkja Sommardagar på Hellesylt på denne nettstaden, www.hellesylt.info.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380