Lokalnytt

Hjelp Ingunn å hjelpe

Ingunn Runde med eit barn ho no ynskjer å hjelpe. (Alle foto: Privat)
Ingunn Runde med eit barn ho no ynskjer å hjelpe. (Alle foto: Privat)

Søndag skreiv vi om eit prosjekt i Tanzania som Ingunn Runde ynskjer å vere med på. Her er eit lite brev med fleire opplysningar frå sjukepleieeleven.

-Veldedigheitsprosjektet blir arrangert på torsdag, 30. april her på TICC (Tanga international competence center, Tanzania). Her skal eg til saman vere i sjukepleiepraksis i tre månader, og har alt fått opplevd mykje spesielt i forhold til det innsamlingsprosjektet går til.

Løpet går ut på at eg skal springe i 45 minutt, ein løype der kvar runde er 500 meter lang. Folk kan sponse enten ved rundebeløp eller fast beløp. For eksempel 20.- kroner per runde. Om eg då spring ti rundar blir den endelige summen 200.- kroner.

Pengane vil gå til «Harriets day care center», eit døgnsenter som nettopp har blitt starta for funksjonshemma barn. Dette er barn som har foreldre, men eit samfunn som ikkje klare å ta hand om dei. Dette fører til redusert vekst, mangel på stimuli, trening, oppmuntring og omsorg.

Ingunn A1

Ikkje minst treng barna kjærleik og næringsrik mat, noko dei ikkje har fått med seg frå barndommen. Barn som har funksjonshemning, har ikkje dei same forutsetningane som i Norge. Dei Tanzanianske kvinnene jobbar døgnet rundt, og behandla dei no som sine eigne barn.

Dei har nettopp fått pengar nok til å leige eit hus, men mangla framleis ein del utstyr for å gi dei næring, opptrening og midlar til oppfølging. Så enkelt som nye sko kan kome til god hjelp. Om ein får inn nok pengar, har dei kanskje også moglegheit til å få inn fleire barn med funksjonshemning. Eg har sjølv sett framgang etter berre ein månad og har stor trua på at dei kan få til veldig mykje med hjelp frå oss!

Kontonr. pengane kan setjast inn på er: 3910 52 48532. Dette er ein eigen konto, der alle pengane vil bli brukt til formålet.

Tusen takk!

Med venleg helsing

Ingunn Runde

Ingunn B

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380